Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHerstad, Synnøve
dc.date.accessioned2023-08-25T12:24:49Z
dc.date.available2023-08-25T12:24:49Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3085826
dc.descriptionMasterstudium i organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing, Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap, Institutt for samfunnsvitenskapen_US
dc.description.abstractDenne oppgåva handlar om sosial og emosjonell læring i grunnskulen. Skulen har lange tradisjonar for å lære elevane sosial kompetanse, medan emosjonell kompetanse ikkje ser ut til å ha vore lagt vekt på i særleg grad før arbeidet med fornying av læreplanen (LK20) vart sett i gong. Målet for denne studien er å undersøke korleis skuleleiarar i grunnskulen forstår omgrepa sosial og emosjonell læring og kva som har som har forma forståinga deira. Det er dessutan eit mål å finne ut korleis rektorane legg til rette for arbeidet med sosial og emosjonell læring i skulen og kva erfaringar dei har med det. Dette er ei kvalitativ studie som byggjer på semistrukturerte intervju av fem skuleleiarar i ulike kommunar på Vestlandet. Funna peikar på at rektorane si forståing av sosial og emosjonell læring samsvarar i stor grad med hovudtrekka i læreplan og faglitteratur. Det ser likevel ut til at rektorane legg større vekt på emosjonell læring enn i læreplanen LK 20. Rektorane opplever at LK20 forpliktar skulane til å jobbe med sosial og emosjonell læring i langt større grad enn før. Forståinga til skuleleiarane ser ut til å vere forma av Ludvigsenutvalet sine utgreiingar, arbeidet med SEL-program og personlege interesseområde. Skuleleiarane har i varierande grad tilrettelagt for arbeidet med sosial og emosjonell læring i skulen, men det er ein styrke når intervensjonen er skuleomfattande og involverer foreldra. Det styrkar implementeringa at rektorane har klare rammer og forventningar til dei tilsette sitt arbeid med sosial og emosjonell læring. Lojaliteten til intervensjonen kan styrkast ved bruk av SEL-program. Rektorane etterspør lærarar som kan bygge relasjonar, motivere og tilpasse seg endringar. Empirien gir ikkje svar på om dette er tilfelle. Systematisk trening med rettleiing og tilbakemelding, mangel på kommunal støtte og lojalitetsvurdering er svake punkt i arbeidet, medan skuleleiarane sitt engasjement og leiing er ein styrke. Det kan sjå ut til at skulane har lykkast med implementeringa av sosial og emosjonell læring i varierande grad. Skular som brukar program i SEL-undervisninga ser ut til å ha ein høgre implementeringskvalitet, noko som kan skuldast at programma gir dei ei rettesnor i implementeringsarbeidet.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleSosial og emosjonell læring i grunnskulenen_US
dc.title.alternativeSocial and Emotional Learning in Primary Schoolen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMR691en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal