Gaming, fysisk aktivitet og eksekutive funksjonar hos eit utval unge, vaksne skuleelevar
Abstract
Bakgrunn:
Mange barn og unge har ei fritid som er affektert av gaming, fysisk aktivitet, eller begge deler. Sjølv om gaming og fysisk aktivitet er forskjellege aktivitetar som bidrar til maksimale kontrastar i kroppsleg rørsle, indikerer tidlegare forsking at både gaming og fysisk aktivitet kan stimulere eksekutive funksjonar som i tillegg til læring, er avgjerande for at ein evnar å ta kontroll og styre alle aktivitetar i dagleglivet.
Hensikt:
Hensikta med denne studien er å sjå om det er forskjell i eksekutive funksjonar mellom elevar som gamer, elevar som gamer og er fysisk inaktive, og elevar som ikkje gamer. I tillegg vil det bli undersøkt kva samanhengar det er mellom gaming, elevanes fysiske aktivitetsnivå, og eksekutive funksjonar.
Metode:
24 elevar (16 Gutar og 8 jenter) frå 1. (n= 5), 2. (n= 11) og 3. (n= 8) trinn på ein vidaregåande skule, og 8 elevar (6 gutar og 2 jenter) frå ein folkehøgskule i Vestland fylke tok del i ei kort spørjeundersøking, samt fire ulike kognitive testar. Spørjeskjema bestod av spørsmål om elevane sine gaming- og aktivitetsvanar, sjølvopplevde søvnkvalitet, og inntak av koffein og nikotin. Dei kognitive testane målte elevanes evne knytt til vedvarande merksemd, skifting av merksemd, impulskontroll, arbeidshukommelse, og strategisk tenking.
Resultat:
Deltakarane som gamet gjorde det signifikant betre enn deltakarane som ikkje gamet på utfalsmålet frå den kognitive testen som målte skifting av merksemd, samt begge utfalsmåla på testane som målte vedvarande merksemd og strategisk tenking. Deltakarane som gamer og var fysisk inaktive gjorde det signifikant betre enn deltakarane som ikkje gamer på eitt av utfalsmåla knytt til vedvarande merksemd, og begge utfalsmåla for strategisk tenking. Tal på dagar gaming i veka hadde ein moderat signifikant korrelasjon med betre skifting av merksemd og betre vedvarande merksemd på eitt av to utfalsmål. Fleire timar gaming kvar dag korrelerte moderat signifikant med betre vedvarande merksemd og strategisk tenking på eitt av to utfalsmål. Vidare var det ein negativ signifikant samanheng mellom både timar og dagar brukt til gaming, og kor ofte, hardt og lenge deltakarane var fysisk aktive. Deltakarane som gamet mest, hadde også hadde lågast aktivitetsnivå.
Konklusjon:
Funna i denne studien stemmer overeins med tidlegare forsking om at det er ein samanheng mellom gaming og eksekutive funksjonar. Både dagar i veka og timar brukt til gaming kvar dag, heng saman med høvesvis betre vedvarande merksemd, betre skifting av merksemd, og betre evne til å tenkje strategisk. Vidare viser resultata at ingen av utfalsmåla frå dei kognitive testane hadde samanheng med verken elevanes frekvens, varigheit eller intensitet ved fysisk aktivitet. Mindre overraskande var det at både timar kvar dag og tal på dagar brukt til gaming, hadde ein negativ signifikant samanheng med frekvens, varigheit og intensitet ved fysisk aktivitet. Vidare vil det vere behov for å utforske kausaliteten mellom gaming, fysisk aktivitetsnivå og eksekutive funksjonar for å sjå korleis dei direkte kan påverke kvarandre.
Description
Masteroppgave i fysisk aktivitet kosthald i eit skulemiljø, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen