Høgsensitiv eller meir sensitiv enn andre?
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3034396Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Det særleg sensitive individet er eit nokså nytt omgrep innanfor forsking. Elaine Aron (2015) er det fremste forskaren på feltet og legg sjølv fram at ho er særleg sensitiv. Anna forsking har vist at det kan finnes ulik grad av sensitivitet, og dette synes eg var interessant å sjå vidare på. Det viktigaste omhandla å finne ut av kunnskapsnivået til dei som skal møte desse barna kvar dag. Problemstilling «Kva kunnskap har personalet i norske barnehagar om særleg sensitive barn?» Metode I denne forskinga er det nytt både kvalitativ og kvantitativ metode for å belyse problemstillinga. Innanfor den kvalitative metoden er det nytta tekstanalyse. Den er nytta for å belyse kva dei opne spørsmåla i undersøkinga seier. Spesielt interessant var det å sjå kommentarar som ikkje handla om det spørsmåla lurte på, men at informantane valde å seie meininga si i kommentarfeltet. Den kvantitative metoden består av eit spørjeskjema som er send ut på to måtar. Spørjeskjemaet i denne samanhengen var likt, og den eine vart send ut til barnehagar på mail, mens den andre vart lagt ut i 2 ulike facebookgrupper. Resultat Det kan sjå ut til at det er middels god kunnskap ute i dei norske barnehagar kring omgrepet særleg sensitive barn. Som heilskap var det 81,4% av respondentane i spørjeundersøking 2 som hadde kunnskap kring dei særleg sensitive barna, og i spørjeundersøking 1 var det 76% som hadde kunnskap. Respondentane rangerte seg sjølv på ein skala frå 1 til 10, og gjennomsnittet låg om lag på 5. Det viktigaste funnet er då at det finnes kunnskap ute i norske barnehagar kring omgrepet, og at desse barna forhåpentlegvis kan bli møtt. Det har kome fram skeptiske meiningar undervegs som har gjort at ein må tenkje og får reflektert over omgrepet. Er det slik at vi må kalle nokon for særleg sensitiv, eller kan ein gradere det ned til å seie at nokon er meir sensitiv enn andre? Nokre av respondentane prata om diagnostisering og likte ikkje at ein alltid skal diagnostisere. Særleg sensitiv er eit personlegdomstrekk og ikkje ein diagnose, og då kan det å belyse dette for respondentane vere nok til at dei forstår at vi gjerne må seie noko om desse barna for at dei skal bli forstått slik dei fortener.
Beskrivelse
Master i spesialpedagogikk
Institutt for pedagogikk, samfunnsfag og religion
Innleveringsdato: 16.05.22