Kommunal akutt døgneining i historisk lys
Bergseth, Jon Øystein Friestad; Braut, Geir Sverre; Gjerstad, Brita; Nødland, Svein Ingve; Teig, Inger Lise
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- Import fra CRIStin [3581]
- Institutt for samfunnsvitskap [453]
Original version
Bergseth, J. Ø. F., Braut, G. S., Gjerstad, B., Nødland, S. I., & Teig, I. L. (2022). Kommunal akutt døgneining i historisk lys. Michael, 19 (2), 125-142.Abstract
Med samhandlingsreforma vart kommunane pålagt å opprette kommunal akutt døgneining (KAD). Eit hovudformål med denne nye institusjonen var å avlaste spesialisthelsetenesta. KAD-institusjonen er eit sengeposttilbod for pasientar med akutte allmennmedisinske problemstillingar. Han representerer eit omsorgsnivå i grensesnittet mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta der kommunale lege- og omsorgstenester samhandlar med spesialisthelsetenesta om pasientane. Idéen om ei lokal teneste som skulle avlaste dei akutte døgntilboda i sjukehusa har spor langt bakover i tid. I artikkelen skildrar vi ut frå eit stiavhengigheitperspektiv korleis KAD-institusjonen vart danna som resultat av tre stiar som samverkar. Ein helsepolitisk sti handlar om korleis utvikling av lovverket opna for auka kommunalt ansvar for helsetenester. Ein annan sti handlar om gradvis aukande differensiering av dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Ein tredje sti tar for seg korleis kjenneteikn ved tidlegare etablerte helseinstitusjonar har påverka og forma KAD-en som helseinstitusjon.