Lesson study som metode for kunnskapsutvikling på ungdomsskulen
Abstract
Formålet med studien har vore å undersøke den gruppebaserte læringsforma Lesson study, situert som ein måte å jobbe med profesjons- og kunnskapsutvikling på i skulen. Studien sin problemstilling er:
Korleis erfarer seks matematikklærarar eit Lesson study prosjekt, og korleis oppfattar og beskriv informantane at Lesson study kan bidra til kunnskapsutvikling i skulen?
For å undersøke denne problemstillinga har eg gjennomført to fokusgruppeintervju med informantar som har gjennomført eit Lesson study prosjekt. Det var to informantar på kvar fokusgruppe, noko som gjev totalt fire informantar i denne studien.
Funna i studien kan bidra til å identifisere fleire erfaringar med Lesson study som ein kan vere oppmerksame på når ein skal implementere Lesson study i skulen. Studien indikere at Lesson study har vore ein kunstig metode, og det kjem fram blant informantane at Lesson study er ein ny og krevjande måte å jobbe med profesjonsutvikling på. Studien peikar på at å forankre dei sentrale prinsippa i forkant av gjennomføring av eit Lesson study prosjekt er viktig.
Funna i denne studien tyder på at informantane kanskje har hatt nok med å lære seg Lesson study. Til tross for dette, framhevar studien fleire faktorar ved Lesson study som er bidragsytande for kunnskapsutvikling. Lærarsamabeid, utprøving av «ny» undervisningsmetode og kunnskapsdeling er faktorar ved Lesson study informantane framhevar som positivt for at metoden kan bidra til kunnskapsutvikling i skulen.
Description
Master i læring og undervisning, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett