dc.contributor.author | Brix, Christopher Lemicka | |
dc.date.accessioned | 2022-09-23T06:16:36Z | |
dc.date.available | 2022-09-23T06:16:36Z | |
dc.date.issued | 2022 | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3020787 | |
dc.description | Fakultetet for lærarutdanning, kultur og idrett/institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking/undervisningsvitskap | en_US |
dc.description.abstract | Denne avhandlinga er eit empirisk orientert forskingsprosjekt med kvalitativt forskingsdesign, der bruken av digitale spel i norskfaget står sentralt. Problemstillingane som studiet undersøkjer er: Kva for norskspråklege moglegheiter finn ein i Minecraft: Education Edition for mellomtrinnselevar? Og på kva måte tek dei didaktiske opplegga vare på elevane sine moglegheiter til å spele spelet, samt bidra til å nå kompetansemål i norskfaget?
Hensikta med studien er å kunne setje lys på dei moglegheitene for norskfagleg undervisning som ein kan finne i det digitale spelet Minecraft: Education Edition. Studien etterlyser ein djupare forståing av spel som didaktiske reiskap, der studien kan vere med på å kartleggje korleis ein kan trekkje relevansen kring digitale spel og norskfagleg kompetanseutvikling knytt mellomtrinns elevar.
Bruk av digitale spel i skulen har gjennom tidene vert etterfylgt av kontroversar. Studien trekk fram korleis synet på spelbasert læring har endra seg med tidene, og prøver å trekkje fram sentrale funksjonar dei kan ha i forsøket på å danne elevane på mellomtrinnet.
Analyse og drøfting viser korleis Minecraft: Education Edition kan bli nytta i didaktiske undervisningsopplegg, der det blir gjort greie for kva som gjer bruken relevant for norskundervisning. Studien viser at det er klare områder der ein kan sjå den norskfaglege relevansen, men at det ikkje nødvendigvis tyder at ein kan ta vare på dei elementa som gjer spelet til det spelet som det er. | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | Høgskulen på Vestlandet | en_US |
dc.rights | Navngivelse 4.0 Internasjonal | * |
dc.rights.uri | http://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no | * |
dc.title | Norskspråklege moglegheiter i Minecraft: Education Edition | en_US |
dc.title.alternative | Possibilities for Norwegian teaching in Minecraft: Education Edition | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.description.localcode | MGUNO550 | en_US |