Pedagogar sine erfaringar med ressursteam som ei tverrfagleg samarbeidsform for å hjelpe barn med særskilde behov i barneskulen
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3018339Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I 2018 vart samarbeid mellom skule og relevante kommunale tenester lovpålagt ved tilføying av §15- 8 i Opplæringslova (1998). Året etter vart St. Meld. 6 (2019-2020) publisert, der tettare samhandling og betre tverrfagleg samarbeid blant skular og relevante samarbeidsaktørar vart lagt fram som ei forventning frå regjeringa til feltet. Studiet har gjeve oss møte med skular som nyttar ressursteam som ein måte å drive tverrfagleg samarbeid på. I desse møta har me vorte nysgjerrige på korleis ein slik måte å arbeide på går føre seg og korleis det opplevast for pedagogar å delta i ressursteam. Målet for prosjektet vart dermed å undersøke korleis pedagogar opplever medlemskap i ressursteamet sitt praksisfellesskap, samt korleis praksisfellesskapet kan vere styrkande inn mot å hjelpe elevar med ulike behov. I oppgåva legg me fram tidlegare forsking gjort kring tverrfagleg samarbeid i skulen og teori som samsvarar med vårt fokus på ressursteam som eit praksisfellesskap. Prosjektet vårt har eit kvalitativt forskingsdesign, og me valde semistrukturert intervju for å samle datamateriale. Me har intervjua fire pedagogar med spesialpedagogisk kompetanse frå ulike kommunar spreidd over vestlandet om deira erfaringar med å arbeide i ressursteam. Me nytta induktiv kontentanalyse for å analysere datamaterialet vårt og nytta tema og kodar laga ut frå teori og tidlegare forsking. For å finne resultata presenterte i studien har me drøfta og sett vårt datamateriale opp mot teori og tidlegare forsking. Resultata i vårt prosjekt viser at medvit kring og anerkjenning av eiga og andre sine kompetansar, felles engasjement og mål for arbeidet, samt relasjonar prega av openheit og tryggleik hadde direkte påverknad for oppleving av medlemskap i ressursteamet sitt praksisfellesskap. Desse føresetnadane danna grenser for kven som reknast som deltakarar i ressursteamet og kven som ikkje gjorde det. Vidare såg me at det opplevde medlemskapet i praksisfellesskapa kunne styrke hjelpa for barn med særskilde behov gjennom å sikre tilgjengelegheit ved låg terskel for kontakt, rutinar for jamlege møte og god utnytting av kompetansane i ressursteamet. Funna våre viste erfart tettare samarbeid med PPT som eit resultat av å arbeide gjennom ressursteam, som igjen styrka hjelpa for barn med særskilde behov grunna god kjennskap til sakene og tettare samhandling i tilvisingsprosessane.
Beskrivelse
Masterfag i spesialpedagogikk, vestlandsklasse,
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag,
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett,
GLU1-7, HVL campus Stord