Kreativt skriveverksted for eldre- Helsepersonell sine erfaringar Kva meining kan ein finna i erfaringa hjå helsepersonell som deltok på kreativt skriveverksted for eldre med fokus på eksistensiell omsorg? Ei kvalitativ studie av korleis helsepersonell opplever meining og eksistensiell omsorg
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3016325Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Bakgrunnen for denne studien er å sjå nærmare på kva meining ein kan finna i erfaringen hjå helsepersonell som deltok på kreativt skriveverksted for eldre med fokus på eksistensiell omsorg. Studien er basert på eit helse og omsorgsvitenskapelig perspektiv. Hensikt: Hensikten med studien er å få auka kunnskap og forståing av helsepersonell sine erfaringer med fokus på eksistensiell omsorg ved å vera deltakar på kreativt skriveverkstad for eldre.
Problemstilling: Kva meining kan ein finna i erfaringen hjå helsepersonell som deltok på kreativt skriveverkstad for eldre med fokus på eksistensiell omsorg?
Metode: Studien har ei fenomenologisk- hermeneutisk tilnærming med eit kvalitativt forskningsdesign. Det er nytta hensiktsmessig strategisk utval for å få tak i informantar og dybdeintervju som datasamlingsmetode. Malterud sin systematisk tekstkondensering (STC) vart nytta som analysemetode.
Funn: To hovudtema kom fram av analysen med seks subtema. Hovudtema nummer ein var innhald i livet- eksistensiell omsorg med fire subtema som var å oppdage den andreoppmerksomt nærvær, det unike møtet, å kjenne trygghet, likverd og fellesskap. Hovudtema nummer to var innhald i tilværelsen med to subtema som var kvardagslivets gleder og bekreftelse.
Konklusjon: Det omsorgsvitenskapelige perspektivet har gjort det mulig å få ei ny og djupare forståing av kva meining ein kan finna i erfaringa hjå helsepersonell som deltok på kreativt skriveverksted for eldre med fokus på eksistensiell omsorg.
Nøkkelord: kvalitativ metode, skriveassistent, skriveverksted, eldre, sjukeheim, helsepersonell, kreativt skriveverksted, pleie og omsorg, omsorg, eksistensiell omsorg
Beskrivelse
Master i helse og omsorgsvitenskap,
Fakultet for helse- og sosialvitenskap (FSH)/ Institutt for Helse- og omsorgsvitenskap/
Masteroppgåve i klinisk helse og omsorgsvitenskap, Campus Stord