Elektroniske pleie- og omsorgsmeldingar: Ein nøkkel til betre samhandling mellom sjukehus og sjukeheimar
Abstract
Føremålet med studien har vore å undersøke korleis innføringa av elektroniske pleie- og omsorgsmeldingar har endra samhandlinga om pasient mellom sjukehus og sjukeheim, og korleis leiaren har bidrege i den prosessen.
Det er ein kvantitativ case-studie mellom to sjukeheimar i to ulike kommunar, og ei avdeling på sjukehus. Det har vorte gjennomført intervju med åtte sjukepleiarar og tre leiarar. Datamaterialet er analysert, og funna viser at det i stor grad har skjedd ei endring i kommunikasjonen om pasient mellom sjukehus og sjukeheim. Leiinga i dei ulike organisasjonane har hatt ei aktiv rolle i informasjons- og opplæringsarbeidet.
Hovudfunnet er at innføring av elektroniske pleie- og omsorgsmeldingar i dei tre organisasjonane har ført til kvalitetsforbetring og auka pasienttryggleik. Dette har igjen ført til ein betre samhandlingsflyt om pasient mellom dei ulike helseinstitusjonane.
Description
MR690 – Master i organisasjon og leiing