Humor på alvor i litteraturundervisninga med "Anekdote" av Herman Wildenvey
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2979378Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Røskeland, M. (2022). Humor på alvor i litteraturundervisninga med «Anekdote» av Herman Wildenvey. Nordlit, (48)(2021). 10.7557/13.6333Sammendrag
Artikkelen ønsker å undersøke kva ein kan få ut av å vektlegge humor i tekstar i litteraturundervisninga. Utgangspunktet er ulike inngangar til diktet «Anekdote» (1911) av Herman Wildenvey, og framstillinga er inspirert av diskusjonar med studentar i lærarutdanninga om humoren i diktet. Sentrale spørsmål er mellom anna om diktet er morosamt, kva eller kven ein i så fall ler av, og kva ein kan få ut av det i litteraturundervisninga. Dette blir diskutert i lys av ulike humorteoriar. Artikkelen søker å få fram korleis ulike tilnærmingar til humoren i diktet kan generere ulike lesemåtar og tolkingar. Særleg interessante er spørsmåla om kva verdiar og haldningar diktet kan målbere, og kva rolle humoren spelar i så måte. Humor har ulike funksjonar og er ikkje alltid kontrollerbar, men er ofte knytt til språkets fleirtydige karakter. Artikkelen argumenterer til slutt for å gi rom for refleksjon omkring humor i litteraturundervisninga i lærarutdanning og skule.