Undervising i musikk og kunst og handverk i koronatida: Ei undersøking blant studentar og tilsette på to høgskular
Working paper
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2979236Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
- HVL-Notat [31]
Sammendrag
Dette notatet byggjer på ei undersøking som vart gjennomført på to høgskular våren 2020 etter at Noreg stengde ned på grunn av koronasituasjonen. Undervisning og eksamen vart i denne perioden flytta frå campus og over i digitale arenaer som til dømes Zoom. Den heildigitale undervisings- og læringssituasjonen som brått oppstod gav unike rammer for empiriinnsamling i fag som til vanleg har fysiske artefakter og kroppsleg nærvær som føresetnad for kunnskapsproduksjon.
I samband med undersøkinga er det gjennomført fokusgruppeintervju av studentar, tilsette og sensorar. Undersøkinga har hatt som mål å finne ut korleis desse personane opplevde omlegginga frå campus- til nettbaserte opplegg på utdanningsinstitusjonane. Funna er delt inn i kategoriane undervising, eksamen, organisering og fysiske rammer, og sosiale og emosjonelle forhold.
Undersøkinga viser at mangelen på tilgang til eit fagleg fellesskap samt utstyr og rom var ei utfordring både i musikk og kunst og handverk. Samhandling via Zoom fekk eit formelt og distansert preg, og i musikkfaget var det frustrasjon knytt til digitaltekniske utfordringar med lyd og bilete i samspelsituasjonar og anna praktisk undervisning.
Informantar frå begge faga opplevde at produktorienteringa i faga auka, sidan utprøvingsfasen og den spontane tilbakemeldinga frå lærarar og studentar fall bort.
Eit stort fleirtal av studentane opplevde at dei i periodar i pandemien har følt seg aleine og isolert og har sakna å få impulsar frå andre. Ein medverkande årsak som blir trekt fram blant studentar og tilsette er mangelen på faglege og sosiale arenaer som ein til vanleg får i ein studiekvardag der fysisk undervising er normalen.