Glede over betre helse i kvardagen
Abstract
Noreg står ovanfor store utfordringar når det gjeld folkehelse og utvikling av sjukdom knytt til fysisk inaktivitet, usunt kosthald og tobakkforbruk. Desse utfordringane og føringar frå Samhandlingsreforma krev ei auka satsing på helsefremmande og førebyggande tiltak for å fremme folkehelsa. Eit viktig tiltak her kan vere frisklivssentralen, som er ei helsefremmande og førebyggande helseteneste. Frisklivssentralen kan bidra til å støtte livsstilsendring hos personar med auka risiko for, eller som alt har etablert kronisk sjukdom.
Hensikta med studien var å få meir kunnskap om informantane sine erfaringar om kva faktorar som kan fremme livsstilsendring gjennom deltaking på ulike tilbod ved frisklivssentralen. Samtidig var det eit ønskje om å auke kunnskapen om korleis deltaking på frisklivssentral kan virke helsefremmande. Studien har eit kvalitativt design med ei fenomenologisk-hermeneutisk tilnærming til brukarane sine erfaringar med livsstilsendring. Det er gjennomført sju semi-strukturerte intervju frå tidlegare deltakarar ved frisklivssentralen henta frå ein frisklivssentral. Intervjua er analysert med systematisk tekstkondensering (STC).
Gjennom analysen kom det fram fire resultatkategoriar; lågterskel tilbod som er tilpassa den enkelte, etablering av nye vaner, å vere del av eit fellesskap og glede av betre helse i kvardagen. Denne studien tyder på at viktige faktorar for å fremme livsstilsendring er tilpassa tilbod, hjelp til etablering av nye vaner og oppleving av tilhøyrsle og glede av betre helse. Det siste funnet var viktig for å auke den subjektive livskvaliteten. I tillegg var det viktig å fremme oppleving av kompetanse, tilhøyrsle og autonomi hos informantane, for å bidra til å fremme den indre motivasjonen som er sentral ved varig livsstilsendring. Vidare var det viktig å styrke meistringstru til deltakarane.