Sjølvskading – eit mestringsforsøk?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/285945Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Utanlandske studiar visar at mellom 10-25% av ungdomar internasjonalt sjølvskadar seg (Baetens, et al., 2013). Med tanke på at så mange ungdomar tyr til sjølvskade visar at det er blitt eit stort samfunnsproblem. Dette er ei stor belastning for ungdomen, og det vil difor vere viktig å ha meir fokus på. Gjennom sjukepleiepraksis møtte eg unge som skada seg sjølv. Under praksisen kjente eg meg rådvill for korleis eg skulle møte og hjelpe denne pasientgruppa. Dette har difor ført til at eg vil finne ut kvifor ein sjølvskadar seg, og korleis me som sjukepleiarar kan bidra til å hjelpe og endre denne praksisen.
Oppgåva viste meg særskilt at depresjon blant anna var ei av årsakene til sjølvskading. Vidare har eg kome fram til at dialektisk åtferdsterapi bør bli prøvd ut og at sjukepleiar bør ha kunnskap om denne typen behandling. Samtidig er det viktig at sjukepleiar understøttar håp, livsmot og mestring hos ungdom som sjølvskadar.
Beskrivelse
Sjukepleie, Bachelorstudium Sk152 2015