Kontinuitet eller brot? Geografi i grunnskulen etter ‘fagfornyinga’ 2020
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2021Metadata
Show full item recordCollections
- Import fra CRIStin [3579]
- Institutt for samfunnsvitskap [453]
Original version
Sætre, P. J. (2021). Kontinuitet eller brot? Geografi i grunnskulen etter ‘fagfornyinga’ 2020. Norsk Geografisk Tidsskrift - Norwegian Journal of Geography, 75(2), 114-121. 10.1080/00291951.2021.1884595Abstract
I den nye læreplanen ‘fagfornyinga’ frå 2020 er geografi ikkje lengre synleg som eige fag eller eige hovudområde i fag, men kompetansemål ein kan knyte til geografi, inngår i ein temabasert læreplan. Denne artikkelen ser dette i lys av tidlegare generasjonar av læreplanar tilbake til den fyrste læreplanen i geografi frå 1889, og viser at det mest vanlege er at faget har hatt ein sjølvstendig plass enten som eige fag eller fagleg hovudområde i samfunnsfag. Vidare går artikkelen inn på fagleg innhald i læreplanane og knyter dette opp mot fem tradisjonar i geografifaget som romleg tradisjon, regional tradisjon, menneske-miljø tradisjon, naturgeografisk tradisjon og samfunnsgeografisk tradisjon, og viser at det i læreplanen frå 2020 både er kontinuitet og brot i forhold til tidlegare læreplanar.