Dokumentasjon av ernæringspraksis på sjukehus - eit kvalitetsforbetringsprosjekt med kriteriumbasert klinisk audit som metode
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2789510Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunn: Sjukdomsrelatert underernæring er eit komplekst problem hos vaksne innlagt på sjukehus og er ei medisinsk og økonomisk utfordring for helse- og omsorgstenesta. Samstundes er det avstand mellom klinisk praksis og anbefalingar for praksis når det gjeld å identifisere, førebygge og behandle sjukdomsrelatert underernæring. Det er derfor naudsynt å finne gode løysingar og metodar som kan implementere ein god og trygg ernæringspraksis på norske sjukehus. Føremålet til prosjektet var å 1) kartleggje om det var samsvar mellom ernæringspraksis og kunnskapsbaserte anbefalingar 2) iverksette endringstiltak for å implementere anbefalingane ved behov. Metode: Vi gjennomførte ein kriteriumbasert klinisk audit for å kartleggee ernæringspraksis ved Haukeland universitetssjukehus. Vi utarbeida fire kriterium for praksis:1)andel kartlagde med NRS-2002 innan 24 timar frå innlegging, 2)andel som fekk ny kartlegging etter ei veke, 3) andel risikopasientar som fekk dokumentert individuell ernæringsplan og 4)andel risikopasientar som fekk vidareformidla informasjon om ernæring til neste omsorgsledd. Resultat frå retrospektiv datainnsamling av dokumentert ernæringspraksis frå 332 journalar vart samanlikna med dei fire kriteria. Vi kartla interessentar og utførte ein styrkeanalyse av dei. For å utforske barrierar for implementering av ernæringspraksis, utarbeida vi eit spørjeskjema som blei brukt for å gjennomføre ein kjerneårsaksanalyse. Resultata frå kjerneårsaksanalysen og implementeringsforskinga, la grunnlaget for ein implementeringsstrategi. Etter innføring av endringstiltaka, kartla vi 186 journalar til reaudit. Resultat: Funn frå styrkeanalysen viste at prosjektet hadde støtte frå organisasjonen og personalgruppa. Personalet rapporterte barrierar i forhold til manglande kompetanse, lite fokus på ernæring på avdelingsnivå og at ernæring vart nedprioritert. Første kartlegging av praksis viste at avdelinga ikkje dokumenterte ernæringspraksis i samsvar med nasjonale anbefalingar. Etter innføring av endringstiltak fann vi at etterleving av anbefalt praksis hadde auka frå 10,5 % til 65, 1 % for kriterium 1. Det var også ei statistisk signifikant forbetring av dei andre kriteria. Konklusjon: Systematisk planlegging av kvalitetsforbetringsprosjektet, nok ressursar og ein implementeringsstrategi tilpassa lokale barrierar og kontekst førte til ei forbetring av ernæringspraksis.
Beskrivelse
Master i kunnskapsbasert praksis, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen