Nynorsk som sidemål i eit andrespråksperspektiv: Ei undersøking av elevar i 10. klasse si meistring av nynorsk formverk og rettskriving i sidemålstekstar
Abstract
Føremålet med denne masteroppgåva har vore å undersøkje nynorskkompetansen til elevar med bokmål som hovudmål på 10. steget frå Oslo og Inderøy i Trøndelag. I denne samanheng har eg søkt svar på følgjande problemstilling: I kva grad og på kva vis meistrar elevar med bokmål som hovudmål nynorsk formverk og rettskriving i sidemålstekstar på 10. steget? Eg har vidare konkretisert problemstillinga i tre forskingsspørsmål:
• Kva typar avvik gjer elevane?
• I kva grad er avvika samanfallande med bokmålsnorma?
• Korleis kan avvika forståast i lys av teoriar frå andrespråksfeltet?
Gjennom ein kvantitativ innhaldsanalyse har eg registrert og kategorisert avvik frå nynorsknorma i 28 sidemålstekstar. Hovudfunna frå analysen syner at bokmål er ein faktor i skrivinga til begge elevgrupper, og aller mest hjå elevane frå Oslo. I lys av teori frå andrespråksfeltet ser det ut til at elevane nyttar ein andrespråksstrategi i møte med nynorsk, ved at dei overfører språklege trekk frå bokmål til nynorsk. Det som skil Inderøy og Oslo mest, er at elevane frå Inderøy nyttar ein fonologisk skrivestrategi, som vert rekna som ein fyrstespråkstrategi, i større grad enn elevane frå Oslo. Medan Oslo-elevane hovudsakleg får utfordringar frå bokmålsnorma i skrivinga si, får Inderøy-elevane utfordringar frå to skriftnormer i møte med nynorsk – ei normert og ei unormert. I sidemålsopplæringa kan det vere nyttig å arbeide kontrastivt med skriftspråka nynorsk og bokmål samt med talemål og det nynorske skriftspråket. Funna indikerer likevel at opplæringa bør differensierast for dei to områda.
Description
Master i læring og undervising Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)