Show simple item record

dc.contributor.authorRebni, Ole Einar
dc.date.accessioned2021-09-23T08:33:32Z
dc.date.available2021-09-23T08:33:32Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2780699
dc.descriptionMasteroppgåve i læring og undervisning Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett/Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfagen_US
dc.description.abstractFøremålet med denne masteroppgåva var å undersøke korleis programmering analogt (unplugged), kontra digitalt (plugged) påverkar elevar si evne til algoritmisk tenking og problemløysing i matematikk. Prosjektet har eit kvasi-eksperimentelt design der utvalet er 17 elevar på niande trinn. Deltakarane deltok i ein intervensjon, der det vart gjennomført eit undervisningsopplegg over to veker. Før intervensjonen vart elevane delte i to randomiserte grupper, der den eine gruppa jobba med programmering med digitale verktøy (plugged-gruppa), medan den andre gruppa jobba med programmering utan digitale verktøy (unplugged-gruppa). I forkant og i etterkant av intervensjonen gjennomførte elevane ein pre- og post-test, samt ein pre- og post-survey. Med utgangspunkt i forskingsspørsmålet: Korleis påverkar programmering analogt (unplugged) kontra digitalt (plugged) elevane si evne til algoritmisk tenking og problemløysing i matematikk?, vart kvantitative data innhenta utifrå ulike variablar som er sentrale innanfor teori kring algoritmisk tenking og problemløysing. Det vart også gjennomført observasjonar undervegs i intervensjonen som dannar eit grunnlag for drøftinga saman med talmateriale frå testane og survey. Utvalet i dette prosjektet er lite, og det vart difor vanskeleg å konkludere endeleg med dei funna som kom fram gjennom prosjektet. Ein kan likevel sjå nokre tendensar som kan vere spennande å forske vidare på. Dei mest sentrale tendensane er at elevane som programmerte plugged, hadde større framgang kring elementa kreativitet, samarbeid og logisk tenking.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titlePlugged og unplugged programmering i matematikk : Eit kvasieksperimenten_US
dc.title.alternativePlugged and unplugged programming in mathematics – a quasi-experimenten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMAS3-307en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal