Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBjørgen, Christian
dc.date.accessioned2021-08-04T11:38:16Z
dc.date.available2021-08-04T11:38:16Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2766204
dc.descriptionMaster i kreative fag og læreprosessar, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, HVL Campus Stord/Rommetveiten_US
dc.description.abstractI denne masteroppgåva har eg med utgangspunkt i sosiokulturell teori (Vygotsky, 1978) gjort ein kvalitativ kasusstudie med fokus på kombinasjonen av nivådeling og samskriving (Eritsland, 2008; 2009), der eg har undersøkt problemstillinga Korleis kan samskriving i nivådelte grupper påverke elevars tekstskaping? Føremålet med studien var å sjå nærare på bruken av nivådelte grupper i eit undervisningsprosjekt knytt til argumenterande skriving i norsk på Vg1 studiespesialiserande, for å sjå kva effekt det hadde på gruppene si tekstskaping. Prosjektet blei gjennomført over ein trevekersperiode januar-februar 2021, kor 18 elevgrupper produserte til saman 54 tekstar til analyse. Forutan gruppetekstane har min studie òg basert seg på to feltnotat, oppsummering av elevane si eigenvurdering og tre gruppeintervju, gjennomført nokre veker etter undervisningsprosjektet, som saman med tekstane er analysert i tråd med stegvis-deduktiv induksjon (Tjora, 2018; 2021). I min studie har eg sett at trass i at forskinga meiner nivådeling er lite gagnande for andre enn dei sterkaste elevane, og særleg negativt for dei svake elevane (Hattie, 2009) så syner mine funn det motsette. Medan dei lågtpresterande gruppene hadde positiv utvikling i tekstskaping og tekstkvalitet over dei tre vekene undervisningsprosjektet, noko dei fleste av kontrollgruppene òg hadde, var det ein merkbar negativ trend hjå dei høgtpresterande gruppene, med stort fall i tekstkvalitet frå første til tredje veka. I ettertid blei gruppene intervjua med utgangspunkt i funna mine, og saman med feltnotat frå lærar teikna desse eit bilete som syna at dei lågtpresterande gruppene var svært aktive i diskusjon og samhandling under tekstskapinga, medan dei høgtpresterande brukte lite tid på diskusjon og kvalitetskontroll når dei produserte sine tekstar. Eg har difor konkludert med at bruken av nivådelte grupper i dette høvet har fungert godt for fleirtalet av elevar, og særleg dei som var definert som lågtpresterande. Samstundes fann eg at dei høgtpresterande elevane ikkje hadde utbyte av nivådelinga, snarare negativ effekt på tekstskapinga deira, noko eg meiner var eit resultat av manglande diskusjon og samhandling som følgje av manglande leiarskikkelsar på dei gruppene. Avslutningsvis meiner eg vidare forsking på dette kan vere nyttig for å evaluere nytteverdien av nivådelte grupper i korte prosjekt som tilpassa opplæring, og for å sjå om mine resultat er etterprøvbare.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleSaman om tastaturet: Ein kvalitativ kasusstudie om samskriving og gruppevis nivådeling i eit norskfagleg skriveprosjekt på Vg1en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMACREL-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal