Programmering som didaktisk verktøy i matematikkfaget
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2766052Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Programmering og algoritmisk tenking har skuleåret 2020/2021 gjort sitt inntog i den vidaregåande skulen i Noreg. Tidlegare forsking har vist at tilnærminga og kompetansen til læraren har ei viktig rolle for elevane sitt utbyte, når det kjem til programmering i matematikkfaget (Misfeldt & Ejsing-Duun, 2015, s. 10).
Gjennom oppgåva har eg freista å svara på problemstillinga Korleis kan programmering nyttast som didaktisk verktøy i matematikkfaget? For å svara på problemstillinga har eg undersøkt kva refleksjonar lærarane gjer seg kring kompetanseutviklinga si knytt til algoritmisk tenking. I tillegg har eg sett på korleis dei legg til rette for å løysa problem gjennom å nytta algoritmisk tenking.
Eg har tilnærma meg forskingsfeltet gjennom ein holistisk kollektiv kasusstudie. I datainnsamlinga eg har har eg nytta kvalitative forskingsintervju av lærarar som hovudmetode. I tillegg har eg brukt innsamling av undervisingsmateriell frå lærarane som supplerande metode.
Oppgåva legg eit sosiokulturelt syn på læring til grunn. I tillegg er definering av omgrepet algoritmisk tenking, og koplinga algoritmisk tenking har til matematikkfaget ein sentral del av det teoretiske bakteppet. Teori knytt til utvikling av kompetanse, vert òg presentert i teorikapittelet.
Funna mine viser at programmering vert nytta på ulike måtar i matematikkfaget. På den eine sida som eit sjølvstendig tema eller emne, og på den andre sida som ein integrert del av matematikkundervisinga. Korleis lærarane nyttar programmering ser ut til å vera avhengig av den didaktiske kompetansen deira, framfor matematisk kompetanse eller programmeringkompetanse.
Oppgåva har vist korleis den didaktiske kompetansen til lærarane kan utvikla seg, gjennom ulike refleksjonar knytt til både praksis og læringsutbyte, samt kurs og vidareutdanning. Samarbeid og utvikling i eit profesjonelt fellesskap ser òg ut til å leggja til rette for refleksjonar som kan vera med på å utvikla den didaktiske kompetansen til lærarane.
Beskrivelse
Master i IKT i læring,
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag