Verknadar av hesteassistert psykoterapi på sjølvtillit, sjølvbilde og oppleving av meistring
Abstract
Forfattar
Tone Rustøen
Tittel på norsk
Verknadar av hesteassistert psykoterapi på sjølvtillit, sjølvbilde og oppleving av meistring
Tittel på engelsk
Influence of equine-assisted psychotherapy on self-confidence, self-image and the experience of mastery
Problemstilling
Korleis kan hesteassistert psykoterapi ha innverknad på sjølvtillit, sjølvbilde og oppleving av meistring?
Metode
Litteraturstudie
Diskusjon
Funn frå tre forskingsartiklar innanfor fagfeltet hesteassistert-psykoterapi blir drøfta opp mot teori og eigne erfaringar i lys av problemstillinga
Konklusjon
Hesteassistert psykoterapi ser ut til å ha positive verknadar på område som sjølvtillit, sjølvbilde og meistringsoppleving. Det er ei alternativ terapiform som kan vere verdt å prøve for dei som ikkje får hjelp av tradisjonell psykoterapi, eller i tillegg til anna terapi. Det er eit relativt nytt og lite fagfelt, og det trengs meir forsking for å fastslå verknadane av denne terapiforma
Description
Bachelor i vernepleie
BSV5-300
Avdeling for samfunnsfag/Institutt for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie
23.11.2017