dc.description.abstract | Problemstillinga i denne oppgåva er korleis kan sjukepleiar legge til rette for rehabilitering av pasientar ramma av venstresidig hjerneslag med høgresidig utfall. Gjennom arbeidserfaring har eg møtt mange pasientar ramma av hjerneslag og sett konsekvensane dette kan gi. Difor ynskjer eg i denne oppgåva å setje søkelyset på korleis sjukepleiar kan møte desse utfordringane så pasienten si oppleving av rehabiliteringsprosessen blir best mogleg.
I oppgåva har eg brukt funn frå forskingsartiklar i ulike databaser som omhandlar temaet hjerneslag og rehabilitering. Eg har og brukt relevant faglitteratur, pensum bøker og faghefter retta mot problemstillinga i oppgåva både i teoridelen og i drøftingsdelen. I drøftingsdelen viser eg til eigenerfaring opp mot teorien. Eg har også brukt funn av søk i Helsedirektoratet og Helse- og omsorgsdepartementet sine sider på nettet som omhandlar temaet, i oppgåva.
Å bli ramma av venstresidig hjerneslag kan gi ulike utfall som afasi, apraksi, lammelser og emosjonelle forstyrringar. Dette kan gi store utfordringar i etterkant både for personen sjølv og familien rundt. Å legge til rette for rehabilitering av pasienten i etterkant inneber at sjukepleiar har kompetanse på diagnosen hjerneslag og dei utfall det kan gi. Det er også viktig at sjukepleiar tenker mestring, motivasjon og kommunikasjon til pasienten under rehabiliteringsprosessen. | nb_NO |