Elevar si oppleving av matematikk i overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande skule
Abstract
Denne studien undersøker korleis elevar opplever overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande skule i matematikk. Det er fokus på å finne ut kva som skjer med elevane si forventning om meistring, korleis dei opplever lærar sine tilbakemeldingar og korleis dei opplever lærar sitt arbeid med læringsstrategiar. Det vil bli sett på om det kan vere samanhengar mellom korleis elevane opplever lærar sine tilbakemeldingar og forventning om meistring i vidaregåande skule. Vidare vil det og bli sett på om det er samanhengar mellom lærar sitt fokus på læringsstrategiar og forventning om meistring. Studien tek utgangspunkt i datamateriale samla inn frå ei repetert spørjeundersøking blant 172 elevar frå ulike tettstader i gamle Sogn og Fjordane fylke. Det er konstruert tre måleinstrument utifrå spørjeundersøkinga. Desse måler elevane si forventning om meistring (MF), elevane si oppleving av lærar sine tilbakemeldingar (LTB) og elevane si oppleving av lærar sitt fokus på læringsstrategiar (LFS). Målingar er gjort når elevane gjekk i ungdomsskulen, og når dei hadde begynt i vidaregåande skule 5-6 månader seinare. Datamaterialet er analysert med bruk av statistiske analysemetodar som korrelasjonsanalysar, ttestar og multippel regresjon. Resultata viser at elevane som vel yrkesfag på vidaregåande opplever overgangen til vidaregåande skule meir positivt enn dei som vel studieførebuande program. Elevane som vel yrkesfag får ein auke i forventning om meistring i matematikk, medan dei som vel studieførebuande program får ein minke i forventning om meistring. Analysane syner vidare at det kan vere ein samanheng både mellom korleis elevane opplever lærar sitt arbeid med tilbakemeldingar og lærar sitt fokus på læringsstrategiar med forventning om meistring i vidaregåande skule.
Description
Master i læring og undervisning
Høgskulen på Vestlandet, Sogndal, avdeling for
lærarutdanning og idrett.
01.12.20