Refleksjonsloggar i KRLE-faget. Ein studie av reflekterande skriving på niande steget
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2720720Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Myklebust, H., & Breivega, K. M. R. (2020). Refleksjonsloggar i KRLE-faget. Ein studie av reflekterande skriving på niande steget. Nordic Journal of Literacy Research, 6(1). 10.23865/njlr.v6.2050Sammendrag
I denne artikkelen analyserer vi 60 refleksjonsloggtekstar skrivne av niandeklassingar i KRLE- faget som er vurderte som reflekterande av uavhengige lærarinformantar. Vi spør: Kva trekk ved desse 60 elevtekstane kan liggje til grunn for at dei vert oppfatta som ytringar prega av refleksjon? Med utgangspunkt i tidlegare forsking på reflekterande skriving etablerer vi fire analysekategoriar: (1) innhaldsmessig orientering, (2) diskursiv utseiing, (3) evaluerande språkbruk og (4) global tekststruktur. Analysen syner at tekstane er prega av lite personleg og snarare allment enn fagleg innhald, DET-orientert diskursiv utseiing i kombinasjon med eit tydeleg utseiande EG, mykje evaluerande språkbruk og varierte tekstlege grep, som innslag av argumenterande teksttype, samanlikning, eksemplifisering og spørsmålsstilling. Funna våre viser m.a. at det finst likskapar mellom reflekterande og argumenterande skriving som vidare forsking bør avklare.
Studien understrekar vidare kor viktig skriving er som grunnleggjande ferdigheit i KRLE- faget og kva læringspotensial skriving av refleksjonslogg kan ha. Elevane skreiv m.a. fram idear som kan relaterast til to av kjerneelementa i Fagfornyinga, å «Kunne ta andres perspektiv» og «Etisk refleksjon».