Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHestholm, Grethe Nina
dc.date.accessioned2020-09-29T09:37:39Z
dc.date.available2020-09-29T09:37:39Z
dc.date.created2020-07-09T11:22:35Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.citationHestholm, G. N. (2020). Kva talar for ein likeverdig representasjon av praktiske og teoretiske kunnskapar i obligatorisk skulepensum? Kunnskapsteoretiske, danningsfilosofiske og utdanningssosiologiske argument (Doktoravhandling). Høgskulen på Vestlandet, Bergen.en_US
dc.identifier.isbn978-82-93677-16-1
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2680221
dc.description.abstractSjølv om overgangen frå bondesamfunn, via industrisamfunn til informasjons- og servicesamfunn har ført til ein stadig reduksjon av den uformelle, praktiske kunnskapsformidlinga, er det i obligatorisk skule framleis mest vekt på den proposisjonale, deklarative, teoretiske kunnskapen. Essensielle pedagogiske spørsmål er om elevane med denne opplæringa får dei erfaringane dei treng for å kople seg på læreprosessane, finne sin identitet og utvikle ei demokratisk forståing. Med ei fenomenologisk vitskapsteoretisk posisjonering og med problemformuleringa Kva argument talar for ein likeverdig representasjon av praktiske og teoretiske kunnskapar i obligatorisk skulepensum? startar eg med å sjå nærare på nokre epistemologiske forståingar av omgrepa praksis og teori. Kva er sambandet mellom dei og kva kunnskaps- og danningsinnhald ligg i det eine versus det andre? Eg byggjer argumentasjonane på kunnskapsteoretiske, danningsfilosofiske og utdanningssosiologiske teoriar som eg kategoriserer i to grupper: 1) med teoriane til Edmund Husserl, Maurice Merleau-Ponty, John Dewey, Jon Hellesnes og Hans Skjervheim kastar eg ljos over det kunnskapsteoretiske og danningsfilosofiske grunnlaget for kritisk vitskapeleg aktivitet, og 2) med teoriane til Hannah Arendt, Pierre Bourdieu og Michael W. Apple peikar eg på nokre utdanningssosiologiske konsekvensar av ulike kunnskapsstatusar. Den metodologiske tilnærminga er fenomenologisk og består av kvalitative intervju, observasjonar og studiar av utdanningsdokument innsamla i Noreg og Tyskland. Desse er analyserte med ein kombinasjon av ei forenkla versjon av den modifiserte, fenomenologiske Stevick-Colaizzi-Keen-metoden til Moustakas og den psykologiskfenomenologiske trestegs prosedyren til Giorgi. Etiske vurderingar er gjort gjennom heile forskingsprosessen og funna er organiserte som svar på tre underspørsmål, formidla i tre artiklar: Kva argument talar for ein likeverdig representasjon av praktiske og teoretiske kunnskapar i obligatorisk skulepensum? Funna gir grunnlag for å framføre nokre svar som rører ved fleire, og gjensidig avhengige aspekt av spørsmålet. Dei er såleis delar av ein heilskap, som betyr at element frå heile biletet er med i kvar del. Med dei kunnskapsteoretiske argumenta konkluderer eg med at vi med tilgang til den konkrete, situerte livsverda kan bli i stand til å sjå og validere løysingar som tar omsyn til heilskapen. Eit skilje mellom praksis og teori hemmar såleis kunnskapsutviklinga og forhindrar den fruktbare osmosen mellom kategoriane. Dei danningsfilosofiske argumenta synleggjer at alle, også dei som meistrar teorien, treng den konkrete, kroppslege kontakta med den subjektive livsverda for å finne sin identitet og utvikle eit breitt og demokratisk fundament for si danning. Med dei utdanningssosiologiske argumenta finn eg at allmennutdanninga, slik vi forsøker å realisere den i skulen i dag, styrkar og vidarefører maktstrukturar gjennom ein udemokratisk representasjon av kunnskapar og kulturar. Hovudkonklusjonen, å implementere eit meir demokratisk kunnskapsutval, dvs. ein større representasjon av praktisk kunnskap i obligatorisk allmennutdanning, representerer eit empiri- og teorifundert bidrag til diskusjonen om kva føremålet med skulen skal vere og kva lærestoff elevane treng i opplæringa mot dette føremålet. Hovudmålsettinga med den konkrete, praktiske kunnskapen er altså like lite og like mykje, som med den abstrakte, teoretiske kunnskapen, å instrumentalistisk rekruttere til arbeidsplassar med bestemte behov. Den fenomenologiske og pragmatiske filosofien viser korleis praktisk-perseptuelle erfaringar er utgangspunktet for all tenking og meiningsskaping. Med ei fri og likestilt tilgang til praktiske og teoretiske kunnskapar hemmar ein ikkje berre utdanningsstrukturelle utestengingsmekanismar, ein myndiggjer også alle samfunnsmedlemmer til aktiv og innovativ deltaking i samfunnsutviklinga. Praktisk kunnskap i obligatorisk utdanning er altså nødvendig for at alle elevar, uavhengig kunnskapskulturell bakgrunn og preferansar, skal kvalifiserast til å finne, eige, utforske, eventuelt kritisere og korrigere dei kunnskapane og haldningane som individ og samfunn orienterer seg etter.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherBodoni AS / Høgskulen på Vestlandeten_US
dc.relation.haspartHestholm, G. N. (2017). Kritiske refleksjonar om praksiskunnskapens stilling i det obligatoriske grunnskuleløpet – Ein fenomenologisk analyse av møtet mellom pensum og elev. Nordisk Tidsskrift for Pedagogikk Og Kritikk, 3(1). https://doi.org/10.23865/ntpk.v3.503en_US
dc.relation.haspartHestholm, G. N. (2017). Å «faktisk oppleve materialar». Ei kritisk drøfting av Hannah Arendts Vita activa. Norsk pedagogisk tidsskrift, 101(4), 315–327. https://doi.org/10.18261/issn.1504-2987-2017-04-04.en_US
dc.relation.haspartHestholm, G. N. & Jobst, S. (2020). Educable or not? Teacher’s alternatives when connecting curriculum to pupils. Journal of Curriculum Studies, 52(2), 270–285. https://doi.org/10.1080/00220272.2019.1650117en_US
dc.titleKva talar for ein likeverdig representasjon av praktiske og teoretiske kunnskapar i obligatorisk skulepensum? Kunnskapsteoretiske, danningsfilosofiske og utdanningssosiologiske argument.en_US
dc.typeDoctoral thesisen_US
dc.description.versionpublishedVersionen_US
dc.rights.holder© 2020 The Author. Papers 2 & 3 are © their respective publishers.en_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280en_US
dc.source.pagenumber199en_US
dc.identifier.cristin1819053
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel