Berekraftig undervisning gjennom plassbasert undervisning på distriktsungdomsskular
Abstract
Føremålet med denne masteroppgåve er å kartleggja korleis lærarar brukar skulen sitt nærmiljø for å støtta berekraftig undervisning. Mykje av litteratur kring utdanning for berekraftig utvikling presenterer bruk av nærmiljø som eit sentralt element i berekraftig undervisning. Spørsmåla denne studien ynskjer å få svar på, er korleis lærarar forstår desse omgrepa, i kor stor grad dei blir implementert per i dag. Kva slags faktorar som hindrar eller legg til rette for utvikling av desse momenta blir undersøkt i mindre grad. Denne studien er kvalitativ, og baserer seg på fenomenologiske prinsipp. Gjennom tre uformelle fokusgruppeintervju, har studien fått fram eit mangfald av synspunkt og erfaringar kring korleis lærarar arbeida med på ein tverrfagleg måte, på ungdomsskular i distrikta – i tettstadar som har bygd-status. Hovudfunna syner at lærarane brukar nærmiljøet forholdsvis aktivt, uansett fag. Dei har fokus på temaet berekraftig utvikling spesielt i tema- eller prosjektveker. Sjølv om alle tre distriktskulane nyttiggjer seg av nærområdet ofte, ser det ut til å vera enklare å integrera nærmiljøet som læringsressurs på mindre skular, med mindre klassar. Lærarane ser ut til å forstå nytten av plassbasert undervisning som tilnærming, og syner forståing for sentrale prinsipp i berekraftig undervisning. Likevel vert det tydeleg at det er behov for opplæring i både berekraftig- og plassbasert undervisning. Organisatoriske strukturar ser ut til å skapa rammeverket for kva lærarar har moglegheit til å gjera i undervisninga si, og kva som avgrensar dei. Med dette ser ein at vidare implementering og utvikling av kompetanse involverer fleire nivå enn berre lærarar.
Description
Master i læring og undervisning
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Institutt for pedagogikk, religion, og samfunnsfag
Innleveringsdato: 02.06.2020