Smertelindring til pasientar med kreft i palliativ fase
Abstract
Bakgrunn: Kreft er ein utbreidd sjukdom, som i 2018 ramma 34 190 nye menneske. Smerter er det mest frykta symptomet hos pasientar med kreft i palliativ fase. Ved langtkomen kreftsjukdom viser det at 70- 80% har behandlingskrevjande smerter. Smerter er også eit av dei symptoma som kan vere vanskelegast å behandle.
Problemstilling: Korleis kan sjukepleiar bidra til å lindre smerter hos pasientar med kreft i palliativ fase?
Metode: I denne oppgåva er det brukt litteraturstudie som metode. Forsking vart funne gjennom strategisk søk i ulike databasar. Det er brukt teori og relevante forskingsartiklar til det aktuelle tema, og for å svare oppgåva si problemstilling.
Funn: Fleire sjukepleiarar manglar kunnskap om smertelindring. Kartlegging og god kommunikasjon er verktøy som kan hjelpe til god smertelindring hos pasientar med kreft i palliativ fase.
Konklusjon: Å lindre smerte hos pasientar med kreft i palliativ fase, informasjon, omsorg, samt å hjelpe dei til å meistre sin situasjon, er ei av oppgåvene til sjukepleiarar. Dette kan vere utfordrande og det krev at sjukepleiarar har eit breitt kunnskapsnivå. Sjukepleiarar må opparbeide ein god relasjon med pasientane for at samarbeidet mellom sjukepleiar og pasient kan hjelpe til god smertelindring.