Menneskerettar – Universelt, men ikkje for alle
Abstract
Menneskerettar er eit stort fenomen som kan forståast på ulike måtar, og Dembour (2006) si skuleinndeling viser ulike menneskerettsforståingar som finnast. Denne masteroppgåva er ein studie av korleis menneskerettar blir forstått av aktørar på ulike nivå av utdanningssystemet i Tanzania. Studien er bygga opp rundt Dembour (2006) si skuleinndeling, og hennar kategoriar. Denne studien derimot, ser nærmare på kultur og utdanning, noko som Dembour (2006) tek lite omsyn til. Menneskerettar blir forstått som noko naturlig og universelt, men kultur, kontekst og lover som setter avgrensingar for menneskas fridom, gir eit syn på at menneskerettar i realiteten ikkje er universelt. Samtidig er også utdanning ein sentral del av menneskerettar. Ein kan ikkje ta ansvar og kjempe for rettane sine eigne og andre sine rettar, om ein ikkje har kunnskap om dei.
Description
Master i samfunnsfagdidaktikk
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
15. mai 2020