Fair play i kroppsøving - styringsreiskap eller danning?
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2020Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Fretland, R. N., Lauritzen, Å., Fossøy, J. & Leirhaug, P. E. (2020). Fair play i kroppsøving – styringsreiskap eller danning? Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis, 14(1), 23-38. https://doi.org/10.23865/up.v14.2069Abstract
Fair play er ifølgje læreplan i kroppsøving ein kompetanse elevane skal praktisere og utvikle gjennom heile opplæringsløpet. Både i skulens styringsdokument og i teori trer fair play fram med ein klar danningsfunksjon. Denne artikkelen belyser samanheng mellom fair play og danning med utgangspunkt i Wolfgang Klafki sitt danningsteoretiske perspektiv. På bakgrunn av seks fokusgruppeintervju med lærarar som underviser i kroppsøving på 5.–7. årssteg blir rekonstruksjon av fair play i kroppsøvingsundervisninga undersøkt ut frå teoriens grunnleggande evner: sjølvbestemming, medbestemming og solidaritet. Studien viser at lærarane ikkje gir mykje rom for elevane si sjølv- og medbestemming. Dei praktiserer fair play først og fremst opp mot solidaritetsaspektet. Drøftinga tek føre seg spenningsforholdet mellom oppseding og danning, og problematiserer om fair play i kroppsøving blir rekonstruert primært som ein reiskap for regulering av oppførsel og organisering av undervisning. Det viser seg at lærarane i liten grad nyttar fair play på måtar som bidreg til det Klafki kallar kategorial danning.