dc.description.abstract | Hydrologiske målingar vart gjort i Anestølselva i Sogndalsdalen, Sogndal kommune, i perioden 20. juni til 7. november 2018. Det vart gjort hastigheitsmålingar med ein flügel (OTT C31 Current Meter) i eit fast, markert profil i elva ved ulike vasstandar for å rekne ut og finne korrelasjonar (rating curves) mellom vassføringa, Q, og vasstanden, h. Vasstanden vart målt med dataloggarar (2 stykk Solinst Levellogger og 1 stykk Solinst Barologger) som målte sant vasstrykk. Desse vart plassert i felt 21. juni 2018 og henta inn under siste vassføringsmåling 7. november.
Det topografiske nedbørfeltet til Anestølselva målt frå det faste målepunktet er 28.41 km2 stort. Målte, estimerte vassføringar har blitt analysert saman med lokal nedbørdata frå klimastasjonen på Anestølen og på Selseng. Det er funne ein responstid på om lag 2 timar mellom nedbør og målbar endring i vassføring. Etter enda nedbør av betyding går det om lag 24 timar før vassføringa er tilbake til same nivå som før nedbøren byrja. I juli til oktober kom det til saman 185.0% av normal mengde nedbør på Selseng.
Det var venta å finne høgast vassføring i elva sin døgnvariasjon rundt klokka 18, den varmaste tida på døgnet, og lågast rundt klokka 06, den kaldaste tida. Derimot synte vassføringa sin døgnvariasjon høgast vassføring rundt midnatt, og lågast vassføring midt på dagen, ei forseinking frå hypotesen på 6 timar. Dette kjem truleg av at smeltevatnet frå Steindalsbreen ovanfor Anestølen samlast i innsjøar før det renn vidare til Anestølselva. Desse innsjøane kan òg fungere som oppsamlarar av sediment, og kan forklare kvifor det ikkje vart funne målbare verdiar av suspenderte sediment i vassprøver ved målepunktet. Derimot fraktar elva mykje grove sediment som botntransport, noko som kom tydeleg fram i kor mykje det faste, markerte profilet endra seg over sommaren og hausten.
Det har blitt estimert at det har passert rundt 244 millionar kubikkmeter vatn gjennom målepunktet i elva gjennom heile måleperioda. | nb_NO |