Ein kartleggingsstudie av kvinner i Robson gruppe 2a
Abstract
Føremål: Vi ville kartlegge kvinner i Robson-gruppe 2a som har fødd i tidsrommet 2016-2018 fordi to fødeavdelingar i same helseføretak har ulik keisarsnittfrekvens i Robson gruppe 2a. Problemstilling: Kva karakteriserer fødselsforløpet til kvinner som induserast mellom svangerskapsveke 37 og 42? – ein kartlegging av kvinner i Robson-gruppe 2a.
Metode:Vi har kartlagt Robson-gruppe 2a på ei fødeavdeling med mindre enn 500 fødslar i året gjennom ein kvantitativ observasjonsstudie. Datainnsamlinga tar for seg heile populasjonen av Robson-gruppe 2a i perioden frå 2016 til og med 2018, som totalt utgjorde 100 kvinner.
Resultat: Fyrste induksjonsmetode har endra seg frå 2016-2018. Keisarsnittfrekvensen vart redusert frå 2016 til 2018. Når det gjeld dokumentasjon har vi funne ulik bruk av dokumentasjonssystemet Imatus Natus.
Konklusjon:Tilbakemelding til praksis om resultatar som finn at det er et fleire områder som kan vere nyttige å studere vidare samt konkrete forslag til implikasjonar i praksis.
Description
Masteroppgave i jordmorfag, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen