Tilrettelegging i skulen for evnerike elever: ein kvalitativ studie av elever og føresette si oppleving av skulens tilrettelegging
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2602103Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne oppgåva har vi valt å sjå nærmare på korleis evnerike elevar og deira føresette opplever tilrettelegginga i skulen. Formålet med oppgåva var å få eit heiskapeleg og breitt bilete av korleis skulekvardagen i den norske einingsskulen er for den evnerike eleven. For å få svar på problemstillinga vår har vi gjort ei kvalitativ undersøking der vi har hatt semistrukturerte intervju av evnerike elevar og foreldra deira om skulekvardagen. Vi har hatt til saman tolv intervju der sju var med føresette og fem med barn i forskjellige aldersgrupper. Gjennom undersøkinga fant vi at betydninga av relasjonar for evnerike elevar er enda større enn for andre elevgrupper. Sjølv om det definitivt manglar kunnskap og forståing om denne elevgruppa i norsk skule, er ikkje det det største problemet. Det største problemet i tilrettelegginga ligg i lærarar si evne til å sette seg inn i korleis den einskilde eleven har det og kva behov han/ho har.
Beskrivelse
Bachelor i grunnskulelærarutdanninga 5-10, PE379 FLKI 10.05.2019