Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStrømmen, Andrea Helle
dc.date.accessioned2019-06-19T07:34:16Z
dc.date.available2019-06-19T07:34:16Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2601283
dc.descriptionMaster i barne- og ungdomslitteratur Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking Innleveringsdato: 15.05.19nb_NO
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøker det etniske og kulturelle karaktermangfaldet i dei skjønnlitterære tekstane i dei fire norskverka Kaleido, Nye Zeppelin, Ordriket og Salto for fjerde trinn. Basert på postkoloniale perspektiv og teoriar om kvitheit, rasisme og identifikasjon i barnelitteraturen undersøker oppgåva framstillinga av minoritetskarakter og den eventuelle kulturen dei representerer, og korleis framstillingane opnar for identifikasjon og identitetsutvikling hos lesaren. Undersøkinga tek utgangspunkt i ei todelt lærebokanalyse beståande av ei frekvensanalyse som kombinerer kvantitative og kvalitative tilnærmingar, og ei kvalitativ litterær analyse med fokus på modellesar, karakterisering, multimodalitet og adaptasjon. Funna viser at om lag 22,5% av dei skjønnlitterære tekstane har ein eller fleire minoritetskarakterar. 57% av desse tekstane har ein hovudperson som er minoritet. Det er hovudsakleg etniske minoritetar som er framstilte, der det einaste som skil majoritet og minoritet er ytre trekk som namn og utsjånad. I den grad det finst framstillingar av andre kulturar enn den norske majoritetskulturen, er dette hovudsakleg i tekstar som viser eit anna tidsbilete enn det moderne utan at dette nødvendigvis er spesifisert. Berre 5% av tekstane har tematikkar knytt til det å leve i Noreg som minoritetskulturell. Med nokre få unntak er tekstane i materialet skrivne av majoritetsforfattarar, og har eit majoritetsperspektiv på det mangfaldet som vert portrettert. Oppgåva skriv seg inn i ei tid der læreplanverket for skulen er i endring. Hausten 2020 vil Fagfornyelsen tre i kraft, og med nye læreplanar føl også nye læreverk. Norskfaget har ei særstilling som identitetsfag, og funna i denne oppgåva vil kunne seie noko om kva vurderingar som bør ligge til grunn for å sikre eit mangfaldig tekstutval i nye læreverk som kan bidra til identitetsutvikling for heile elevgruppa.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen på Vestlandetnb_NO
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleÅ finne seg sjølv i læreboka. Mangfald i fire norskverk for barneskulen.nb_NO
dc.title.alternativeFinding Oneself in the Textbook. Diversity in Four Norwegian Subject Textbooks for Primary School.nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber112nb_NO
dc.description.localcodeMBUL550nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal