Kven vart lærarar - og kvifor? Ein studie av kvinnelege lærarar i 1950- og 1960-åra.
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2570447Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne studien tek føre seg kvinnelege lærarar fødde kring 1935–1945, og ser på den geografiske og sosiale rekrutteringa til læraryrket blant desse kvinnene, samt kvifor dei valde dette yrket. Med bakgrunn i dette har studien si problemstilling vore: Kven var dei kvinnelege lærarane på 1950- og 1960-talet, og kvifor valde dei nettopp læraryrket? I tidlegare tider var læraryrket tiltenkt menn, og kvinner var sjeldan å sjå ute i arbeidslivet. Dette har endra seg over tid, og i dag er læraryrket dominert av kvinner. Bakgrunnen for å sjå på desse tiåra etter andre verdskrig, er fordi dette var ein viktig omformingsperiode, spesielt for kvinnene, som meir og meir gjekk ut i arbeidslivet. Problemstillinga er todelt, noko som er årsaka til at eg har valt å bruke to ulike forskingsmetodar. I den første delen spør eg etter kven dei kvinnelege lærarane var på 1950- og 1960-talet. Her har eg gjennom verket Norske Skolefolk kartlagt den geografiske og sosiale rekrutteringa til 1000 kvinnelege lærarar fødde kring 1935– 1945, gjennom å sjå på kvar dei kom ifrå og kva livsstilling fedrane deira hadde. Når eg deretter spør om kvifor dei valde læraryrket, har eg valt å bruke ein kvalitativ forskingsmetode. Her har eg intervjua 28 kvinnelege lærarar fødde kring 1935–1945, for å finne faktorar som seier noko om motivasjonen dei hadde for å bli lærarar.Resultata viser blant anna at dei kvinnelege lærarane som valde lærarutdanning på 1950- og 1960-talet kom frå stadar med liten tilgang til gymnas og høgare skular. Resultata viser også at dei kom frå jamne økonomiske kår, men at ein meir enn tidlegare kunne sjå at desse kvinnene også kunne kome frå mindre velståande og velståande kår. Dei kvinnelege lærarane hadde mange ulike faktorar som spelte inn på yrkesvalet, men dei som gjorde seg mest gjeldande var særskilt støttande foreldre, tidlegare skulegang, kjennskap til yrket og at det var eit yrke med gode jobbmogelegheiter.
Beskrivelse
Masteroppgaven i samfunnsfagdidaktikk