dc.description.abstract | Tittel
Pneumoni – førebyggande tiltak hos nyfødde barn i Zambia
Bakgrunn
Globalt døyr 8,8 millionar barn årleg, før dei er fylt fem år. Minst to av tre barndødsfall kan førebyggast (World Health Organization, 2010; United Nations Children’s Fund, 2010). I Zambia er 1 av 3 barnedødsfall forbunde med pneumoni (Ministry of Community Development & Mother and Child Health, udatert). Eiga erfaring tilseier at pneumoni sjeldan førekjem hos spedbarn i Noreg, men tar derimot livet frå mange barn i Afrika. Spørsmålet vart då kvifor dette er ei stor utfordring i Afrika, og kva som kan gjerast for å redusere mortaliteten grunna pneumoni.
Problemstilling
Korleis kan sjukepleiar førebygge pneumoni hos nyfødde barn i Zambia?
Framgangsmåte
Denne oppgåva er utført som eit litteraturstudie som er basert på både fagleg- og forskingsbasert kunnskap. Etter å ha tileigna meg erfaringa frå praksis i Zambia, vil eg også belyse nokre av desse.
Oppsummering
Under- og feilernæring er klare risikofaktorar for å utvikle pneumoni. Kunnskapen om morsmjølk og amming er hos nokre mangelfull. Hos dei som har god kunnskap om ernæring av nyfødde, samsvarar ikkje dette nødvendigvis med kva som vert gjort i praksis. Mortaliteten grunna pneumoni er høgare blant barn som ikkje vert amma versus barn som blir amma. Ved at informasjon og rettleiing blir gitt om fordelane ved amming, vil truleg mange barn unngå underernæring og dermed vere betre rusta mot pneumoni. Helsefasilitetane er utilstrekkeleg bemanna, har for lite tilgjengeleg utstyr og personalet si vurdering av symptom og behandling er ufullstendig, noko som kan få alvorlege konsekvensar for det sjuke nyfødde barnet. | nb_NO |