Bokmålsavvik frå nynorsknorma i sjetteklassetekstar
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2017Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Maal og Minne. 2017, (1), 93-121.Abstract
Føremålet med artikkelen er å undersøkja bokmålssamanfall som ein faktor i tekstar av elevar med nynorsk som hovudmål, for å leggja eit empirisk grunnlag for å diskutera om nynorskelevar har andre opplæringsbehov når det gjeld språk og skriving enn bokmålselevar. Materialet er 113 tekstar skrivne av 26 nynorskelevar på sjette årssteget, fordelte på seks skular, frå skuleåret 2012–13 (samla inn av Normprosjektet). Normavvik er registrerte i 55 feiltypekategoriar. Totalt viser granskinga eit gjennomsnitt på 9,8 avvik per 100 ord, som er dobbelt så mange avvik som i Geirr Wiggens rettskrivingsundersøking av sjetteklassetekstar frå 1978–79. Av denne totalen er 43 prosent samanfallande med bokmålsnorma (4,2 avvik per 100 ord). Dermed opnar studien for å sjå bokmål som ein faktor i nynorskelevar si rettskriving. Han gjev eit grunnlag for å undersøkja og teoretisera omkring denne faktoren og såleis for å diskutera ein eigen språkdidaktikk for elevar med nynorsk som hovudmål.