dc.contributor.author | Yndestad, Kristin Rivedal | |
dc.date.accessioned | 2018-02-01T15:08:38Z | |
dc.date.available | 2018-02-01T15:08:38Z | |
dc.date.issued | 2012-06-04 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/2481798 | |
dc.description | Masteroppgave i samfunnsarbeid | |
dc.description.abstract | Mastergradsoppgåva er basert på deltakande observasjon på ein sjukeheim. Målet har vore å få innsikt i korleis fellesaktivitetar kan påverke eldre sjukeheimsbebuarar sin kvardag. Bakgrunn for studien er at det finst mykje litteratur om eldre og fysisk aktivitet og eldre sine kvardagsliv på sjukeheim, men lite forsking om korleis deltaking i felles aktivitetar kan påverke fellesskapet på ein sjukeheim. Problemstillinga har vore todelt: 1) «Korleis kan aktivitetar setjast i gang på måtar som skapar fellesskap blant eldre bebuarar på sjukeheim?». 2) «På kva slags måte kan organisering av aktivitetane både skape fellesskap og utstøyting?». Datagrunnlaget har vore samla inn ved deltaking i aktivitetar på ein sjukeheim, samt gjennom samtalar med bebuarar og tilsette. Oppgåva er samansett av eit innleiingskapittel og fire essay. Summert viser hovudfunna at i norsk samanheng er råda for fysisk aktivitet individretta og effektar av gruppeaktivitetar underkommunisert. Sentrale prinsipp i samfunnsarbeid er viktige for å auke deltaking i felles aktivitetar på sjukeheim. Sosiale og strukturelle forhold påverkar moglegheitene bebuarane har for deltaking, og vidare kan deltaking i felles aktivitetar skape både fellesskap og utstøyting blant bebuarane på sjukeheimen. Det trengs vidare forsking på dette der ein samanliknar fleire aktivitetar over lengre tid, undersøker forskjellar mellom by og land og undersøker korleis fellesaktivitetar påverkar dei som ikkje deltek. | en_US |
dc.language.iso | nno | en_US |
dc.publisher | Høgskolen i Bergen | en_US |
dc.subject.other | fysisk aktivitet | en_US |
dc.subject.other | fellesskap | en_US |
dc.subject.other | utstøyting | en_US |
dc.subject.other | sjukeheim | en_US |
dc.subject.other | eldre | en_US |
dc.subject.other | samfunnsarbeid | en_US |
dc.subject.other | sosial deltakelse | en_US |
dc.title | "Aktivitet som skaper fellesskap" Ein studie om sjukeheimsbebuarar si deltaking i felles aktivitetar | en_US |
dc.type | Master thesis | en_US |
dc.subject.nsi | VDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800 | en_US |