Livet, døden og frisøren; "Den misunnelige frisøren" (Lars Saabye Christensen) som novelle og film
Abstract
Det som gjer Lars Saabye Christensens novelle ”Den misunnelige frisøren” skikka for film, ligg ikkje i det ytre, men er nedfelt i konflikt og tematikk. I den ytre handlinga kan filmen umiddelbart verka fjern frå novella, men på eit djupare plan er det ein forbløffande likskap. Begge handlar om det moderne storbymennesket, begge legg vekt på angst og gløymsle, men filmen har i tillegg eit element av heroisme som er overskridande. Dette er bra stoff for den som interesserer seg for skilnaden mellom ulike kunstnariske uttrykksformer.
Publisher
Landslaget for norskundervisning (LNU)Fagbokforlaget