Korleis lagidrett kan bidra til god livskvalitet for ungdommar med psykisk utviklingshemming: Ein litteraturstudie
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2459961Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Val av tema blei gjort på bakgrunn av eigne erfaringar og opplevingar knytt til lagidrett og psykisk utviklingshemming. Formålet med denne oppgåva har vore å belyse fysisk aktivitet, med utgangspunkt i lagidrett, for ungdommar med psykisk utviklingshemming. Oppgåva dreier seg om ungdommar med lett og moderat psykisk utviklingshemming, og korleis livskvaliteten vil bli påverka av å vere ein del av fellesskapet i eit idrettslag.
Prosessen med å hente inn kunnskap har føregått gjennom eit litteraturstudie med utgangspunkt i tidligare masteroppgåver og artiklar om tema som er sentrale for problemstillinga i oppgåva. Eg søkte kunnskap som kunne bidra til å forstå kva betyding lagidrett kan ha for ungdommar med psykisk utviklingshemming. Viktige aspekt var inkludering og opplevinga av å vere ein del av eit lag.
Sentrale funn i oppgåva tilseier at livskvaliteten til ungdommar med psykisk utviklingshemming kan auke gjennom fellesskap og meistring, som er fundamentale kjenneteikn ved lagidrett. Lagidretten er med på å inkludere ungdom med ulike føresetnader i eit praksisfellesskap, der ein får utfordra seg sjølv og skapar eit sosialt nettverk. Studiar peikar på viktigheita av desse verdiane både frå ungdommane og foreldra sitt perspektiv.
Beskrivelse
Vernepleie BSV5-300 Desember 2016