Erfaring med barns medverknad i naturbarnehagen
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2453587Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Dette er ei masteroppgåve i organisasjon og leiing ved Høgskulen på Vestlandet. Den har namnet, Erfaringar med barns medverknad i naturbarnehagen. Tittelen er nær opp til problemstilling, som tek føre seg korleis barn og tilsette erfara barns moglegheiter for medverknad i denne type organisasjon. Kva rolle det fysiske romet spelar for barns medverknad, er og ein del av undersøkinga. Bakgrunnen for spørsmålet, er menneskerettar, barnesyn og forsking om at barn utvikla sjølvstende, fordi dei har stor fridom her. Data innhenta frå to barnegrupper og to vaksne grupper har vore analysert i denne kvalitative undersøkinga. Her kjem det fram at barna medverkar ut i frå eige perspektiv gjennom leik, men og at vaksne let dei medverke. Dette gjer dei ved å dra barna sine synspunkt inn i vidare planlegging. Hovudfunn er at barna er medverkande aktørar i eigen kvardag, gjennom samhandling, relasjonar og ved eigne handlingar. Vaksne er fleksible med omsyn til planane dei legg og innspel frå barna får ved fleire høve, ein konsekvens. Det kjem og fram at denne medverknaden er knytt til sjølve «natur-romet», ved at barna får moglegheit til å velje stad å leike på, type leik og «leiker». Mindre struktur, ser ut til å gi nærleik og samhandling.
Beskrivelse
Masterstudium i organisasjon og leiing Avdeling for samfunnsfag. Institutt for samfunnsvitskap