Utdanna skoleleiar - nye spenningar?
Peer reviewed, Journal article
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2449126Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Acta Didactica Norge - tidsskrift for fagdidaktisk forsknings- og utviklingsarbeid i Norge. 2016, 10 (4), 201-217.Sammendrag
Føremålet med studien er å auke kunnskapen om den norske rektorutdanninga ved å undersøkje korleis eit utval skoleleiarar beskriv kva nye spenningar dei opplever i leiarkvardagen sin etter at dei har gjennomført studiet. Gjennom analyse av fokusgruppeintervju og e-postintervju med skoleleiarar identifiserer vi tre område for spenning. Vi beskriv desse som balanseøvingar som skoleleiarane opplever at dei må handtere i kvardagen. Den første er forventningar og nye krav, den andre er balansen mellom nærleik og distanse til lærarane, og den tredje handlar om å balansere ulik kompetanse. Det teoretiske rammeverket belyser perspektiv på leiing som individualistisk eller systemisk og korleis kopling mellom teori og praksis aukar profesjonsforståinga. Utvikling av fagspråk er eit sentralt element i dette. Ein av implikasjonane som blir løfta fram, er at rektorutdanninga bør bevisstgjere studentane på at ny kompetanse og endra forståing av leiarrolla kan gi nye spenningar.