Fysisk trening til pasientar med depresjon
Abstract
Bakgrunn for val av tema: Depresjon er, i følgje world health organization ein verdsomspennande sjukdom (2016). Eg har difor etter mi tid i praksis på psykiatrisk institusjon og som ferievikar på psykiatrisk sjukehus, tenkt at det trengst meir i behandling av depresjon ved institusjon. Etter å ha sett sjølv korleis fysisk trening kan medverke i behandlinga, verka dette som eit spennande tema å skrive om.
Problemstilling: Korleis kan fysisk trening integrerast i ei sjukepleiefagleg behandling av depresjon? Framgangsmåte: I denne oppgåva vert det nytta litteraturstudie som metode. Innhaldet i oppgåva er basert på fire forskingsartiklar, pensumlitteratur og anna litteratur.
Oppsummering: I denne oppgåva inneheld drøfting om korleis fysisk trening blir nytta i behandling av depresjon, i tillegg til kvifor fysisk trening kan vere aktuelt å integrere på lik linje med andre behandlingsmetodar og korleis det kan bli nytta i ei sjukepleiefagleg behandling av depresjon. Forsking og teori viser at fysisk trening kan vere nyttig i behandling av depresjon, det blir då spørsmål om korleis vi skal integrere dette i behandling ved institusjon.
Description
Sk152 Bachelor i sjukepleie