Når infeksjonen erobrar blodbana
Abstract
Bakgrunn for val av tema
Sepsis er ein alvorleg tilstand og den mest vanlege dødsårsaken på intensivavdeling. Internasjonalt er sepsis eit aukande problem, noko som skuldast auke i del av eldre i befolkninga, meir intensiv og aggressiv behandling av ulike sjukdommar og skader, og auka mikrobiell resistens. I min praksis på sjukepleieutdanninga, og i tidlegare jobb som ambulansearbeidar, har eg møtt fleire alvorlege sjuke pasientar med sepsis. I den samanheng har eg forundra meg over kor raskt sjukdomsforløpet endrar seg for denne pasientgruppa. Eg ynskjer å lære meir om sepsis og valte dette som bacheloroppgåve.
Problemstilling
Korleis kan sjukepleiar bidra til tidleg identifisering av sepsis.
Framgangsmåte
I denne bacheloroppgåva har eg valt litteraturstudie som metode. Dette inneberer å søke, samle, vurdere og velje litteratur og samanfatte denne. Eg har brukt relevant pensumlitteratur, faglitteratur og relevant forsking for å belyse valt problemstilling. Artiklane er vurdert kritisk etter anbefalte retningslinjer frå kunnskapssenteret.
Oppsummering
Det kjem fram i forskingsartiklar og litteratur at sjukepleiar har for lite kunnskap rundt teikn og symptom ved sepsis. Det er lettare å oppdage sepsis når alvorlegheitsgraden er høg. Forsking tyder på at opplæring i bruk av triageringsskjema og bruk av retningslinjer har ein positiv effekt på å tidleg identifisere sepsis. I tillegg viser forsking at tidleg identifisering kan redusere mortalitet.
Description
Sjukepleie
SK 152