Metta feitt, fleirumetta feitt eller eitt feitt?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2394027Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Eg har valt å skrive om korleis ein kan rettleie ein pasient som ynskjer å gå på lågkarbo. Etter å ha vore i praksis på sjukehus har eg observert vanskar knytt til ernæring til pasienten. Desse vanskane fører med seg ulike problem for pasienten. Dette har gjort at mi interesse for god rettleiing innan ernæring til pasienten har blitt vekka.
Problemstilling: Korleis rettleie ein pasient som ynskjer å gå på lågkarbo?
Eg har gjort ein litteraturstudie, der eg har brukt litteratur frå lærebøker, fagbøker, nettaviser, retningslinjer, fagartiklar og forsking for å belyse problemstillinga mi. Forsking fant eg ved å søkje i ulike databasar. Eg brukte tre forskingsartiklar, der to av dei var oversiktsartiklar og den siste var ein randomisert klinisk studie.
Framgangsmåte: Eg har gjort ein litteraturstudie, der eg har brukt litteratur frå lærebøker, fagbøker, nettaviser, retningslinjer, fagartiklar og forsking for å belyse problemstillinga mi. Forsking fant eg ved å søkje i ulike databasar. Eg brukte tre forskingsartiklar, der to av dei var oversiktsartiklar og den siste var ein randomisert klinisk studie.
Beskrivelse
Bachelor i sjukepleie
SK 152