Barn si medverknad i måltidet i barnehagen
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2389415Utgivelsesdato
2016-05-13Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I vårt forskingsarbeid ønsket vi å sjå nærmare på barn si medverknad. Vi kom seinare fram til at vi ville fokusera på korleis dei vaksne lar barn i 3-5 års alderen medverka i måltidssituasjonen. Vår problemstilling blei difor slik: ”Kva er barn si medverknad og korleis lar dei vaksne barna i 3-5 års alderen medverka i måltidssituasjonane i barnehagen?”
Vi har valt å skriva bacheloroppgåva vår om barn si medverknad i måltidet, fordi dette temaet er noko som vi både synest er spanande og interessant. Vi synest at det er viktig å ha fokus på medverknaden i barnehagen, noko som også er lovpålagt. Målet med bacheloroppgåva vår er å finna ut om det er medverknad i måltidet i barnehagen, og korleis barn eventuelt medverkar. Vidare har det vore viktig for oss å få meir erfaring kring noko som vi er interesserte i, og at vi kanskje kan vera med på å kasta ljos over viktigheita av medverknad i barnehagen.
I teorigrunnlaget vårt vektlegg vi det kompetente barnet i ein sosiokulturell kontekst. På grunnlag av dette blei omgrepa måltid og medverknad satt i fokus. Dette er nøkkelorda som vi har brukt i bacheloroppgåva. Andre relevante omgrep vi har hatt fokus på er anerkjenning, medbestemming og sjølvbestemming. Vi har valt å bruka forskjellige teoretikarar, for å kasta ljos over den teorien som vi har brukt.
For å svara på problemstillinga vår, valde vi å bruka kvalitativ metode. Kvalitativ metode handlar om at ein kan samla inn informasjon og opplevingar gjennom å bruka observasjon og/eller intervju. Metoden kjem til uttrykk gjennom observasjon. Vi valde å bruka laupande protokoll når vi observerte, der vi seinare skreiv observasjonane om til praksisforteljingar som vi har brukt inn i bacheloroppgåva. Observasjonane blei gjennomført i to barnehagar.
Gjennom forskingsarbeidet vårt kom det fram at medverknad er avhengig av dei vaksne sine haldningar og handlingar. Vi erfarte at det kan vera forskjell på korleis dei vaksne i den same barnehagen lar barna medverka i måltidssituasjonane. Det var også forskjellar i dei to barnehagane på kva situasjon barna fekk medverka i, og i kva grad.