Skredfarevurdering for hyttefelt på Nærstad, Sogndalsdalen, Sogndal kommune
Abstract
På grunn av faren for våte jord- og flaumskred må dei planlagde hyttene i eit hyttefelt på Nærestad i Sogndalsdalen, Sogndal kommune, plasserast utanfor bekkelaup og søkk i terrenget. Analysen syner at slike skred kan nå hyttegrenda oftare enn 1 pr. 1000 år, og krava til sikkerheit er ikkje oppfylte for heile hyttefeltet. Det vert difor tilrådd i rapporten å plassera hyttene i terrenget slik at ein unngår desse faresonene. Faresonene er synte i plankartet.
Den 6. juni i 1949 gjekk det eit stort jordskred rett sør for området til hyttegrenda. Spora frå dette skredet ser ein framleis i terrenget og er teikna inn på foto og kart i rapporten. Skredet gjekk over vegen og ut i Dalavatnet.