Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSandal, Ann Karin
dc.date.accessioned2015-10-28T13:02:59Z
dc.date.available2015-10-28T13:02:59Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2358343
dc.descriptionDissertation for the degree philosophiae doctor (PhD) at the University of Bergen, 27.11.2014
dc.description.abstractKva ligg til grunn for elevane sine yrkesfaglege utdanningsval og korleis opplever elevane valprosessane dei går gjennom frå 10. klasse og gjennom det første året i den vidaregåande skulen? Med desse spørsmåla som utgangspunkt har føremålet med avhandlinga vore å finne fram til faktorar som har innverknad på elevar sine valprosessar i overgangen mellom ungdomsskulen og yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande skulen, og mellom det første og andre året på yrkesfaglege utdanningsprogram. Utdanningsval og overgangsprosessar har blitt undersøkt frå elevane sine perspektiv, og føremålet har vore å gje elevane ei stemme inn i diskusjonen om utdanningsval og løfte fram deira erfaringar og opplevingar. Dette er undersøkt gjennom tre kvalitative delstudiar med forskingsspørsmåla: a) Kva kjenneteiknar elevar i 10. klasse sine opplevingar av overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring, yrkesfaglege program, b) Korleis opplever elevar møtet med yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande skule, og c) Korleis erfarer elevar formativ vurdering i Prosjekt til fordjuping i praksis-periodar på arbeidsplassar? Det empiriske materialet som ligg til grunn for studien byggjer på data frå ei open spørjeundersøking til 10. klassingar, djubdeintervju med eit utval elevar gjennom to år, og fokusgruppeintervju med elevar det første året deira i yrkesfaglege utdanning. Hovudfunna viser at grunnlaget for utvikling av yrkesfaglege interesser i 10. klasse er hovudsakleg utvikla gjennom sjølvbestemte fritidsaktivitetar, gjennom praktiske og estetiske arbeidsmåtar i skulefag og gjennom hospitering på yrkesfaglege utdannings-program i vidaregåande skule og på arbeidsplassar. Møte med arbeidsliv og autentiske arbeidsoppgåver, og mogelegheiter til å utprøving av faglege interesser er viktig for utvikling av tryggleik i valet og ei begynnande identifisering med yrkesfagleg utdanning og yrke. Desse momenta er enno tydlegare når elevane har begynt på yrkesfagleg utdanning og skal velje yrkesfagleg fordjuping. I overgangsprosessar i skulen vil ulike former for tillit vere sentrale for at elevane skal finne sin plass i nye læringskontekstar og for utvikling av personleg identitet mot ei yrkesfagleg utdanning og framtidig yrke. Elevane kan utvikle tillit til seg sjølv gjennom meistringsforventningar og opplevingar av å lukkast, og det handlar om å utvikle tillit til fagleg engasjerte lærarar som deler sin kompetanse på ein måte som gjev elevane tiltru til seg sjølv og sine eigne yrkesfaglege val. Elevane treng òg å bli vist tillit frå lærarar og arbeidskollegaer i praksis gjennom å få autonomi og rom til å gjere eigne erfaringar innanfor sine interessefelt. Studien viser òg korleis brot mellom ulike læringsarenaer kan oppstå og korleis det vert opplevd av elevane. Overgang frå ungdomsskulen til yrkesfagleg utdanning, overgangar mellom fellesfag og programfag og mellom undervisning i skulen og opplæring på arbeidsplassar krev evne til å tilpasse seg nye læringsfellesskap og til å skape faglege samanhengar mellom kunnskapar og læringsprosessar på ulike arenaer. Avhandlinga viser behov for å vidareutvikle samarbeidet mellom ungdomsskule og vidaregåande opplæring og mellom skule og arbeidsliv. Saman med drøftingar av lærings- og kunnskapstradisjonar i dei ulike læringskontekstane som elevane bevegar seg mellom, kan det bidra til å støtte elevane i deira læring- og utviklingsprosessar knytt til utdanningsval og overgangar i skulesystemet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherUniversitetet i Bergen
dc.relation.haspartArtikkel 1: Sandal, Ann Karin & Smith, Kari (2010). Frå ungdomsskule til vidaregåande skule – elevane si stemme. Tidsskriftet FoU i praksis, 4(2), 25–42. Artikkelen er tilgjengelig her: <a href="http://hdl.handle.net/1956/9095" target="blank">http://hdl.handle.net/1956/9095</a>nb_NO
dc.relation.haspartArtikkel 2: Sandal, Ann Karin & Smith, Kari (2012). Møte med yrkesfagleg opplæring i den norske vidaregåande skulen. Nordic Journal of Vocational Education and Training, 2(1). Artikkelen er tilgjengelig her: <a href="http://hdl.handle.net/1956/9097" target="blank">http://hdl.handle.net/1956/9097</a>nb_NO
dc.relation.haspartArtikkel 3: Sandal, Ann Karin; Smith, Kari & Wangensteen, Ragne (2014). Vocational students` experiences with assessment in workplace learning. Vocations and Learning. Studies in Vocational and Professional Education, publisert online15. April 2014. Artikkelen er tilgjengelig her: <a href="http://hdl.handle.net/1956/9096" target="blank">http://hdl.handle.net/1956/9096</a>nb_NO
dc.titleUngdom og utdanningsval: Om elevar sine opplevingar av val og overgangsprosessarnb_NO
dc.typeDoctoral thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Education: 280nb_NO
dc.source.pagenumber104nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel