dc.description.abstract | I denne oppgåva har eg skrive om kvinner sin posisjon i den zambiske familien. Ut i frå dette er mi problem stilling: ”Lever kvinner frå høgare sosiale lag i Zambia med meir moderne haldningar, enn kvinner frå lågare sosiale lag?”.
Gjennom praksis opphalde mitt i Zambia, opplevde eg store skilnadar mellom rike og fattige. I samtalar med zambiske kvinner frå ulike samfunnslag, oppdaga eg forskjellege prioriteringar og haldningar. Eg brukte kvalitative intervju for å forske på desse skilnadane, og om kvinner var meir moderne i høgare sosiale lag. Eg har brukt teori og empiri som eg meiner er relevant for å belyse denne problemstillinga. Som resultat fann eg ut at kvinner i høgare sosiale lag i stor grad, lever med meir moderne haldningar enn kva kvinner i lågare sosiale lag gjer. | nb_NO |