Strategisk læring i ein musikar si utvikling
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/197239Utgivelsesdato
2014-07-08Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteravhandlinga tek føre seg mi eiga strategiske læring knytt til ein studie av
gitaristen Matt Schofield. Studien har eit etnografisk og auto-etnografisk perspektiv og
bygger på teoriar om strategisk læring, imitasjon, uformell læring og modellæring.
Gjennom bruk av metodar som planking, imitasjon og transkripsjon har eg analysert og
lært meg ein del av musikken til Schofield. Eg ser på kva som særpregar han som
gitarist og kvifor han framstår som eit føredøme for meg. Eigen øving er dokumentert
gjennom loggar som er grunnlag for analyse og refleksjon over min læringsprosess. Slik
har eg funne ut kva som karakteriserer mi strategiske læring.
Eg nyttar meg av lærings-, studie- og metakognitive strategiar. Læringsstrategiane kan
delast inn i utveljings-, organiserings- og integreringsstrategiar som eg finn at alle er
tilstades både på eit heilskaps- og detaljnivå. Heilskapsnivået er å sette musikken inn i
ein større kontekst, medan detaljnivået er knytt til arbeidet med ei spesifikk låt og
innhaldet i den. Det er heile tida eit samspel og ei veksling mellom dei to nivåa.
Studiestrategiane motiverer og legg til rette for ei god gjennomføring av øvinga. Mine
metakognitive strategiar styrer bruken av lærings- og studiestrategiane.
Eg finn at øvingsarbeidet går inn i ei fast form og ein mal som eg held meg til i det
vidare arbeidet. Strategibruken går frå å vera medviten til å verta automatisert og eg tek
digitale verktøy i bruk der dei kan vera til nytte. Andre funn omfattar korleis
kroppsleggjering av øvingsstoffet, fysisk og mental førebuing, tid, rammer og mål for
øvinga verkar inn på situasjonen og resultatet.
I det siste kapitlet freistar eg å fokusere på forbetringspunkt både i høve framtidig
øvingspraksis og -vanar, og mi framtidige undervisning som instrumentalpedagog.