Ettervern - rusproblematikk : kva ettervernstiltak kan kommunen bidra med for å lette overgangen inn i eit sjølvstendig tilvere for ein tidlegare rusmisbrukar, og kva utfordringar kan vedkommande møte på i denne overgangen?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/196926Utgivelsesdato
2014Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Temaet til oppgåva mi er ettervern for tidlegare rusmisbrukarar. Eg ynskjer å skrive om kva eit kommunalt ettervern kan bidra med for å lette overgangen til eit normalt samfunnsliv for ein person som har gjennomført rusbehandling. Eg har valt å skrive om ettervern for tidlegare rusmisbrukarar fordi eg ser dette som eit viktig arbeid innanfor sosialt arbeid. Ved å skrive denne oppgåva vil eg få meir kunnskap innanfor området, og eg vil ha nytte av kunnskapen eg lærar i komande tid som sosialarbeidar. Eg hadde praksis på eit lokalt NAV-kontor, der eg fekk inntrykk av at ettervern var ein viktig del av sosialt arbeid: Å leggje til rette for at vanskelegstilte skal kome tilbake i kvardagen, der dei kan få hjelp til praktiske ting som er grunnleggjande for å bli inkludert og kunne fungere i eit sjølvstendig tilvere. Samstundes fekk eg via min praksis inntrykk av at denne overgangen kan vere utfordrande for ein tidlegare rusmisbrukar. Ut i frå tema har eg valt fylgjande problemstilling:
Kva ettervernstiltak kan kommunen bidra med for å lette overgangen inn i eit sjølvstendig tilvere for ein tidlegare rusmisbrukar, og kva utfordringar kan vedkommande møte på i denne overgangen?
Beskrivelse
Sosialt arbeid
BSV5-300 Mai, 2014