Terapeutisk hagebruk som metode i behandling av menneske med depresjon
Abstract
Problemstillinga for dette litteraturstudiet er fylgjande:
Kva for potensiale har terapeutisk hagebruk som metode i behandling av menneske med depresjon?
For å svare på dette vil eg ta for meg den forskinga som er gjort om TH i behandling av depresjon, og vurdere resultata av denne. I tillegg vil eg identifisere ingrediensar i TH som kan ha effekt i behandling av depresjon.
Dei to forskingsspørsmåla som er valt til å svare på problemstillinga er difor fylgjande:
1. Har terapeutisk hagebruk vist effekt i behandling av depresjon?
2. Kva ingrediensar i terapeutisk hagebruk ser ut til å kunne gi eventuelle effektar i behandling av depresjon?
Description
Vernepleie BSV5-300
November 2013